| FOTOKLUBBEN |
Fotoklubben vart skipa den 23. mars 1982 og klubben er tilslutta Norsk Selskap for Fotografi.
At fotoklubben i 1982 vart ein realitet kan tilskrivast Jan Presttun, Svein Hauge, Rune Garmann, Erlend Spurkeland, Reidar Hvidsten og Leif Ragnar Fiske.
Svein hadde fotobutikk i Knarvik og Jan kom til Knarvik frå Hamar der han hadde vore formann i ein fotoklubb. Desse to hadde ein fotoprat i butikken og kom til at det burde startast ein fotoklubb. Etter eit innlegg i Strilen vart det arrangert eit møte på Alversund ungdomsskule i mai 1982 for å verva medlemmar til klubben.
På ungdomsskulen møtte det om lag 35 fotointeresserte personar. Mellom desse var og mangeårig medlem og aktiv fotograf Otto Kolås som diverre gjekk bort hausten 2001 i ein alder av 85. Det første styret besto av: Jan Presttun, Svein Hauge, Rune Garmann, Erlend Spurkeland og Reidar Hvidsten
Klubben har i dag om lag 40 registrerte medlemmer. Vi har medlemmer i alle aldersgrupper, men skulle gjerne hatt fleire frå dei yngste gruppene. Årskontigent er for tida kr. 400,- og kravet for å verta medlem er kun at du har interesse for fotografering og ynskje om å utvikla deg vidare i denne hobbyen.
Klubben søkjer heile tida å aktivisera medlemmane på klubbkveldane og på fritida slik det går fram av klubben sine vedtekter