| AKTIVITET |
-Fast utstillingsplass ved
Knarvik bibliotek. Fotoklubben
har ein avtale med biblioteket i Knarvik om utstilling av
bilder. Der har klubben fått tildelt ein vegg til disposisjon.
Trykk på utstillinger i menyen til venstre for informasjon.
-Nasjonale og internasjonale konkurransar. Fleire av medlemmane sender inn bilde til slike konkurransar der det ofte vankar fine premiar eller du får tilsendt eksklusive bildekatalogar. Opplysningar om slike konkurransar vil du få i diverse fototidskrifter og på medlemsmøta.
-Prosjektarbeid. Medlemmar kan søkja styret om støtte til utgifter for eit spesielt prosjekt. Resultatet av arbeidet må synast på ein klubbkveld.
-Fototurar. Kvart år har vi fleire dags- eller kveldsturar rundt om i klubben sitt nærområde der vi tek bilder og et god mat. Foto frå desse turane vert samla inn og synt på eit seinare møte. Det hender at slike turar går over ei helg med overnatting.
-Fototreff i Vågå i september. Dette er kanskje Noregs største årlege samlingsplass for fotointeresserte. Vågå, med sit kulturelle særpreg, bygningsmiljø og tradisjonar, ligg i Ottadalen mellom Otta og Lom- om lag 6- 8 timar køyring frå Bergen alt etter val av vegrute.
Treffet startar med frammøte fredag ettermiddag og sluttar av om lag kl. 14.00 på søndag. På programmet er det konkurransar, kurs, presentasjon og sal av fotoutstyr, mørkeromsarbeid og ikkje minst god mat og sosialt samvær. Fleire av medlemmane har vore på desse treffa i mange år.
-Kurs . Vi kan her nemna: Triksfotografering, mørkeromsarbeid, blits/ lyssetting, nattfotografering, filterbruk, komposisjon, bildebedømming/ kriteriar, fototeknikk, lysbildeframvisar med overtoning, digital fototeknikk,
-Årsmøte. Dette møte sluttar av året som har gått med dei vanlege årsmøtesaken, val av styre og andre klubborgan. På dette møte har vi og dei store diskusjonane om kva vi skal gjera i året som kjem.
-Utstyr. Fotoklubben har kjøpt inn lyssettingsutstyr, lysbildeframvisar utstyrt med lyd og overtoningsfunksjonar og musikkanlegg. Dette vert lånt ut gratis til medlemmane.
Fleire av medlemmane har investert i eige mørkeromsutstyr og det er høve til å nytta dette etter nærare avtale med eigaren